top of page

VI SEES PÅ
KONSERT

William-Dillner.-Trommer.-Foto_-Chris-Casp-2023.jpg

Åsmund-A.-Farstad-Fele_edited.jpg

Colin-Karlsen_edited.jpg

Åsmund-A.-Farstad-Fele.-Foto_-Chris-Casp-2023.jpg

ÅSMUND

ÅSMUND A. FARSTAD

På feler er Åsmund A. Farstad (f.2002) frå Volda. Han har bakgrunn i tradisjonsmusikken på Nordvestlandet, med Sunnmøre og Nordfjord i sentrum. Han har gått i meisterlære hjå Arne M. Sølvberg samt andre store namn frå distriktet. Som student ved NMH har læra med Håkon Høgemo, Unni Løvlid og Andreas Bjørkås resultert i ein brei kunnskap om dei andre norske slåttetradisjonane i tillegg til eit breitt utval av forskjellig musikk.

William-Dillner.-Trommer.-Foto_-Chris-Casp-2023.jpg

WILLIAM

WILLIAM G. DILLER

På trommer er William Granum Dillner (f.2003) frå Nesodden. I tillegg til ein solid bakgrunn i jazztrommer med å ha gått i lære med legendariske Pål Thowsen er han i tillegg ein dyktig songar, gitarist og låtskrivar og har kome ut med tre EPar innan sin sjanger.

Colin-Karlsen.-Bass-Foto_-Chris-Casp-2023.jpg

COLIN 

COLIN L. KARLSEN

På bass Colin Lilius Karlsen (f.2003) frå Skien. Ein superbassist innan Jazz og Marokkansk Gnawa musikk, med ei nyfrelse for folkemusikken har han dykka inn i dei intrekate rytmene og harmoniane i tradisjonskunsten, med full respekt og ydmykheit for tradisjonen.

KJELTRING er ein ung trio frå Norges musikkhøgskole. Den består av spelemann Åsmund A. Farstad på feler (22), Colin Lilius Karlsen (20) på kontrabass og William G. Dillner (20) på trommer. Trioen held til i Oslo og kom til verda i desember 2022 og har spelt sidan. Bandet har framført ei rekke konsertar i byen, då bland anna på t.d Parkteatret, Ljøsblått 2023 og Serendip 2024.

Den norske slåttemusikken er forankringa til bandet, der det vert nytta både fele og hardingfeleslåttar som utgangspunkt for musikken. Slåttemusikken blir utbrodert med grove basslinjer og intrekat, hard og røff trommegroove. Musikken bygger på fela sin harmonikk, slåttemusikken sine mikrotonale klangar og dens vide og ulike rytmer frå heile landet. Både fele og kontrabass nyttar fleire ulike stemmemåtar, noko som er heller skjeldan å sjå i bandsamansettingar. Trioen har henta inspirasjon frå fleire norske tradisjonar, men då spesiellt Vestlandet og Valdres.

Med stor respekt og interesse for tradisjonskunsten har bandet tatt oppgåva med å arrangere slåttemusikken på alvor, alle steinar blir snudd og ingen detaljar oversett i jakta på å skape den råaste musikken. Vidare tek bandet stor inspirasjon frå jazz- sjangrar. Improvisasjon over skjema og improvisasjon heilt fritt er ein vesentleg del av musikken. Den blir skapa i augeblikket og ein vil aldri høyre låtane heilt likt kvar gang. Dette i tillegg til den tydelege inpirasjonen frå rockemusikk både rytmisk og tonalt skapar eit unikt utrykk.

KONTAKT OSS

Trioen med røvarar frå NMH forankrar seg i den norske slåttemusikken. Tradisjonsmusikken blir sveisa i hop med grove basslinjer, mikrotonale harmoniar, harde rytmer, friimpro og tette, gode klangar. Ei himmelsk, eller helvettes sameining.

Lat trampen rulle og gå inn i rammeslåtten til Åsmund A. Farstad på feler, Colin Lilius Karlsen på kontrabass og William Dillner på trommer.

Dei gamle spelemennene var rockestjerner i bygda si, dei hadde ikkje bass, trommer, lydanlegg og vreng. Det har Kjeltring.

bottom of page